Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Rehabilitering og stor påbygging på hus frå 1960-talet

Dei siste tre månadane av året 2011 har hovedprosjektet vårt vore oppgradering og omfattande fornying av endå eit eldre hus ved Sagstadvegen i Meland.

Eit nytt høgt og langt hus er bygd "over og på kryss av" det eksisterande, med stor car-port under på baksida og fritthengande altan på framsida. I loftsetasjen er det stort areal med god takhøgde og to takvindauge, så alt ligg til rette for at byggherre sjølv kan få innreie mange nye rom slik dei vil.

Om lag halve taket måtte rivast, men mesteparten av det gamle huset står framleis - med plass til stove / kjøkken i første etasje og full kjellar med utleigeleilighet (som faktisk var busett av leigetakarar fram til huset vart tett).

Gamledelen har òg fått nye vindauge i nye opningar, tjukkare vegger med etterisolering, ny kledning, nytt komplett tak med takrenner og større kister.

Takstolane vart jekka opp etter nedbøyning og stiva av / forsterka før den nye taksteinen vart heist på plass. På det store tilbygget består imidlertid takkonstruksjonen av lange mønedragarar og 54 taksperr som me har kappa til og montèrt på byggeplassen.

Ettersom det foreligg planer om eit andre byggetrinn seinare, vert det i denne omgang ståande att ein gamal gavl-vegg klargjort for påfòring og utskifting av kledning.

På framsida er det òg lagt til rette for vidare terrassebygging av byggherre sjølv, med kantbjelke og beslag mot husveggane. 

Undervegs i dette prosjektet har Fjeldstad & Sandvik TømrerTeam hatt mykje motstand på vèrfronten, men svært mykje nedbør og vind. 

Det var lenge avgjerande å klare halde bygget så tett som mogleg samstundes som det skulle vere dagleg framgang i arbeidet, og det vart viktig å finne tilfredsstillande løysingar med presenningar for å halde vatnet på utsida.

Desse måtte sjølvsagt på og av mange ganger og festast grundig. Stillasbygging har òg vore ein viktig del av jobben for å skaffe effektiv tilkomst og sikre arbeidarane på alle sider samstundes. Bygget er nokså stort. Ved årsskiftet har me rydda byggeplassen, og det vert ein pause i prosjektet fram til byggherre sjølv held fram med mykje arbeid på eiga hand.

Utvendig er det aller meste ferdig, men isolering og tetting av nye bjelkelag står att etter ynskje frå oppdragsgjevar. Via billedgalleria kan du få litt innblikk i det som har blitt gjort...


Fasadeendringer på Sagstadprosjekt

Påbygging og rehabilitering Sagstad

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Logg inn